Mann tiltalt for forfølging

På ein sommarmånad oppsøkte mannen ei kvinne gjentekne gongar, trass i at han hadde forbod mot å kontakte henne.

DEL

Det var i månadsskiftet juni/juli i fjor sommar at mannen i 30-åra forfølgde kvinna.

I starten av juli i fjor oppsøkte han kvinne i heimen hennar, trass i at han same dag hadde fått forkynt besøksforbod som forbaud han å oppsøke henne. Ei veke seinare hende det same to dagar på rad - då oppsøkte han kvinna på ein festival der ho jobba frivilleg, trass det same besøksforbodet.

I tillegg til desse hendingane, er mannen også tiltala for å ha brukt marihuana og hasj, og for ikkje å ha retta seg etter politiets pålegg då han fekk beskjed om å halde seg unna Florø sentrum, men blei påtruffen i byen like etter.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken