Prøvde å køyre frå politiet

FLORØ: Men takka vere lokalkunnskap fann politiet han likevel.

DEL

Ein mann som prøvde å køyre frå politiet i Florø, vart tysdag kveld stansa og pågripen, melder politiet på Twitter.

- Det vart meldt like før klokka sju tysdag kveld at ein bil prøvde å køyre frå patruljen i Florø sentrum. Men med lokalkunnskap, og dessutan ei formeining om kven det kunne vere, fann dei vedkommande likevel. Han er mistenkt for køyring i påverka tilstand, teken inn til avhøyr og blei teken med til blodprøvetaking, opplyser operasjonsleiar Evind Hellesund ved operasjonssentralen i Bergen til Firdaposten.

Artikkeltags