Kjeledress i brann på skipsverftet i Leirvik

Natt til søndag fekk naudetatane melding om brann på Havyard i Hyllestad. Dette, og mykje anna skjedde i fylket medan du sov.

DEL

– kl. 02.05 fekk vi melding frå ein av dei tilsette på Havyard om at det brann i ein kjeledress som hang i ein garderobe. Brannvesenet fekk sløkt brannen, seier Arve Samsonsen, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Brannen førte ikkje til noko personskadar.

– Det vart ein betydeleg varmeutvikling på grunn av dette, men heldigvis utvikla ikkje brannen seg. Vi veit førebels ikkje kvifor det starta å brenne. Det er oppretta sak og hendinga vil bli etterforska vidare for å finne ut av årsaka, opplyser han.

Blodig, rusa mann i Sogndal

kl. 02.13 natt til søndag blei politiet varsla om ein full og blodig mann som stod i rundkøyringa i Sogndal sentrum.

– Vi sende ein patrulje til staden og fekk kontakt med mannen. Han var full og hadde skrubbsår i ansiktet, men i god nok form til å komme seg heim att på eigen hand. Politiet fekk ikkje tak i kva som hadde skjedd, men vi antek at han har falle, seier Samsonsen.

Ordensforstyrring i Måløy

Det vart meldt om ordensforstyrring i Måløy sentrum Kl. 02.49.

– Det var to personar som krangla i sentrum. Patruljen kom på staden og gav dei pålegg om å avslutte. Det vert inga oppfølging i denne saka, seier operasjonsleiaren.

Politiet har berre informasjon om den eine personen. Det skal vere ein mann i 20-åra.

Bil utanfor vegen i Gaular

Laurdagskveld kl. 22.18 fekk politiet melding om at ein bil hadde køyrt ut av vegen på E39 i Eldalen i Gaular.

– Føraren av personbilen var ein mann i 20-åra og han kom ifrå uhellet uskadd. Det var svært glatt på vegen, og det er ikkje mistanke om noko promille. Bilen blei henta av bilbergar. Politiet oppretta sak og vil undersøke kvifor uhellet skjedde, seier Samsonsen.

Artikkeltags