I fjor var det 49 rømmingar frå oppdrettsanlegg

Illustrasjonfoto.

Illustrasjonfoto. Foto:

FISKEOPPDRETT: Og det var sjølvsagt flest laks.

DEL

Ved utgangen av desember 2019 hadde Fiskeridirektoratet motteke 49 rapportar om rømmingshendingar - 43 handla om laks, fire om regnbogeaure, ein om torsk og ein om rognkjeks. Desse inkluderer knappe 290.000 laks, 7500 torsk og 2000 regnbogeaure. For rognkjeks ligg det ikkje føre tal. Året før var tala høvesvis 160.000 for laks og 3000 for regnbogeaure.

I Sogn og Fjordane hadde ein to rømmingar i fjor - frå Martin E. Birknes Eftf. forsvann det regnbogeaure på rundt 4,5 kilo i mai, og frå Slakteriet Brekke AS forsvann det i september laks på 3,8 kilo.

Av dei 289.570 laksane som rømde, vart 112.413 fanga inn igjen, medan 65 av dei 2012 regnbogeaurane vart gjenfanga.

Det er Fiskeridirektoratet som opplyser dette.

Artikkeltags