Bideford Dolphin byr farvel

Bideford Dolphin like utforbi kaia til Solheim Diesel.

Bideford Dolphin like utforbi kaia til Solheim Diesel. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

No i morgontimane tysdag legg Bideford Dolphin ut frå verftskaia hos Westcon Yards, der den har lege sidan heilt i starten av juli. Kring klokka 12.30 glei riggen forbi Florø sentrum på veg ut til det opne havet att.

Har nytta tida godt

Både verftet og leiinga på Bideford er godt nøgde med oppdraget. Verfsdirektør Michael Johansen sa før riggen kom inn at dette var eit viktig oppdrag for dei. Sjølv om det ikkje er av dei største, er det det første riggoppdraget for Westcon Florø og eit høve til å vise fram at dei er godt budde til å ta slike jobbar.

- Vi har jobba lenge med å posisjonere oss for riggmarknaden, med store investeringar i ny kai, utdjuping av leia, nye kraner og infrastrukturen generelt. Det må til for å vere attraktiv i riggmarknaden, der konkurransen er stor for tida, fortalde Johansen til Firdaposten.

Og trass i at verftsjefen kunne ønskje seg at ein hadde gått heile vegen og utvida leia til 20 meter i staden for 16, det ser ut til at dei har gjort mykje rett.

- Vi er svært godt nøgde med landligget vi har hatt i Florø, seier riggsjef Morten Haugland. Han held fram:

- Det er jo ikkje ønskeleg med denne typen uplanlagde opphald under land, men i samarbeid med Westcon Yards har vi nytta tida veldig bra, og både våre eigne og verftet sine mannskap har gjort ein formidabel jobb i samband med overflatebehandling om bord i perioden. Vi er svært godt nøgde med både fasiliteter og service hos Westcon Yards, og føler også at vi har blitt godt mottekne av byens befolkning.

Bideford Dolphin ved kai hos Westcon Florø måndag 12. september 2016. Klokka 16 vart landgangen teken og arbeidet med å løyse riggen frå fortøyingane starta.

Bideford Dolphin ved kai hos Westcon Florø måndag 12. september 2016. Klokka 16 vart landgangen teken og arbeidet med å løyse riggen frå fortøyingane starta. Foto:

Til sjøs igjen

Han fortel vidare at den 41 år gamle riggen, som skal servast frå Florø, først vert liggande nokre timar i Hellefjorden og laste utstyr frå Fjordbase, før den går ut til Statfjord-feltet, der ein reknar med å vere på plass natt til torsdag. Kontrakten riggen har med Statoil går ut januar 2017.

Firdaposten fekk komme om bord i riggen på omvisning i timane før gangvegen vart teken måndag ettermiddag, så litt seinare i veka kan du lese ein større reportasje om Bidefords indre liv.

Artikkeltags