Ein europeisk matvareprodusent er avtalepartnar der det handlar om å realisere planane om å bygge verdas største landbaserte oppdrettsanlegg for laks i Florø, skriv Firda. Avtalen omfattar også å utvikle eit offshorebasert oppdrett i Solund. Total vil dette bety samla investeringar på nær tre milliardar kroner, som vil skape over 100 nye arbeidsplassar i fylket, går det fram av ei pressemelding frå Nekst AS.
Kapital for å modne prosjektet
Ifølge intensjonsavtalen vil den europeiske matvareprodusenten, i samarbeid med ei leiande europeisk konsumentkjede, tilføre nødvendig kapital for å modne prosjektet fram til konstruksjonsstart Deretter skal det tilførast ytterlegare kapital for å sikre at heile prosjektet blir ferdigstilt fram til heile anlegget er i full drift, går det fram av pressemeldinga.
Samstemt ja i Solund
Kommunestyret i Solund kommune godkjende nyleg samrøystes ein samarbeidsavtale med Nekst. Der blir det lagt til rette for Nekst sitt konsept med nedsenkbare merdar i Lågøyfjorden. Ifølge varaordførar Tom Færøy vil dette gje eit etterlengta løft for kommunen, som har levd med fallande folketal i fleire år.
Fylkeskommunen positiv
Fylkesdirektør for næring i Sogn og Fjordane, Jan Heggheim, seier i ein uttale at fylkeskommunen er svært positiv til Nekst sitt prosjekt som han har følgt nøye den siste tida.
Heggheim har saman med politisk og administrativ leiing i Flora og Solund kommune møtt investorane då de var på to dagars besøk i Florø og Solund sist veke.
– Investorane gir uttrykk for at dei har eit langt perspektiv for sine investeringar, dei fokuserer på berekraftig produksjon og kan bli gode eigarar i Sogn og Fjordane, seier Heggheim.
Fekk konsesjon i fjor
Nekst AS fekk i juli 2016 konsesjon for bygging av verdas største landbaserte oppdrettsanlegg med kapasitet på 20.000 tonn utanfor Florø. Dette anlegget vil ta i bruk det siste av teknologi, og etter planane skal at det meste av vatnet resirkulerast. Teknologien gir nøyaktig kontroll av vasskvalitet, optimal fiskevelferd og fiskehelse, og utan inngrep i nærliggande vassdrag, heiter det i pressemeldinga.
Les også: Kan bli verdas største landanlegg
Nekst ønsker å halde fisken i landanlegget i Florø til den er rundt 2,7 kilo. Utsetting av fisk på denne storleik gir under 6 månaders driftstid i sjøen. Den korte driftstida, i kombinasjon med andre preventive tiltak, vil så godt som eliminere behovet for avlusing med medikament eller andre metodar. Saumlaus mløs lasting av fisken frå landanlegget bidreg til å sikre fiskens velferd på vegen frå land til sjø.
Nekst AS har søkt 16 utviklingskonsesjonar til sjøs saman med Marine Construction som teknologiutviklar. Med på laget er også industri tungvektaren ABB og Sotrabaserte Maritime Engineering.
Nekst AS er eigd av Aqua Florø AS og Kjell Audun Aasen. Begge sit på 50 prosent av aksjekapitalen. Aasen er både dagleg leiar og styreleiar i selskapet.
Kjell Audun Aasen understrekar at dette konseptet treff alle berekraftige indikatorar fastsett av Stortinget. Det vil også løyse mange av oppdrettsnæringa sine store utfordringar, meiner han.