I ei pressemelding frå Nekst vert det meldt om eit vedtak frå Fiskeridirektoratet som kan vere det lenge venta startskotet for ei gigantisk satsing:
"Ifølge et nylig vedtak i Fiskeridirektoratet, er Nekst innenfor ordningen for utviklingskonsesjoner. Nekst innleverte høsten 2016 en søknad om totalt 16 slike konsesjoner. Dersom alle 16 tildeles, kan dette utløse en investering på rundt kroner 3 milliarder i Sogn og Fjordane.
I samarbeid med Marine Construction som teknologiutvikler og blant annet ABB, har Nekst utviklet en patenterbar løsning hvor merdene med en dobbel not kan senkes under ”lusbeltet” og bølgekreftene. Den korte driftstiden, i kombinasjon med de nyutviklede og patentsøkte offshore merdene, vil så godt som eliminere behovet for avlusning, samt sikre mot rømming. De er tverrpolitisk enighet i kommunene Flora, Askvoll og Solund for satsingen, som kan bli det største industriprosjektet i Sogn og Fjordane på 50 år.
Det er mindre enn to veker sidan Firdaposten var i kontakt med Martin Ramsdal for å spørje korleis det gjekk med Nekst sine konsesjonssøknader. Då svara Ramsdal at dei framleis venta på eit svar frå myndigheitene. No har altså det svare komme.

Gigantutbygging kan gje 100 nye arbeidsplassar
I dag er han svært letta og glad over beskjeden dei har fått.
- Det har vore eit langt lerret å bleike, det kan eg skrive under på. Men vi kom gjennom nålauget, det er det viktigaste. No er eg utruleg letta og glad, både på vegne av oss som har jobba med dette og i høve moglegheitene for dei kommunane som er berørte, seier Ramsdal
Han er klar på at det framleis er eit stykke fram.
- Men det viktigaste er at søknaden vår er godkjend!