Hevdar gruveprosjektet på Vevring er ulovleg

Engebøfjellet.

Engebøfjellet. Foto:

Natur og Ungdom har sett nærare på utsleppsløyvet til Nordic Mining saman med advokatfirmaet Glittertind.

DEL

Og på bakgrunn av nye opplysingar i saka meiner dei at utsleppsløyvet er ugyldig, skriv dei i ei pressmelding. Natur og Ungdom har difor levert eit dokument til Klima- og Miljødepartementet der dei krev at utsleppsløyvet blir vurdert på nytt.

Organisasjonen har hovudsakleg tre argument til kvifor dei kjem med kravet:

* Den planlagde drifta har endra seg vesentleg i tida etter vedtakstidspunktet

* Dei fordelane det blir lagt vekt på for godkjenning av utsleppsløyvet kan oppnåast utan eit sjødeponi og dagbrot

* Det er no planlagt å nytte kjemikaliar som fører til at miljøskadane blir langt større enn ved vedtakstidspunktet

Dei viser til § 11 i Forureiningslova som seier at forureining berre er lovleg viss den er naudsynt. Nordic Mining fekk i 2015 løyve til å dumpe 250 millionar tonn gruveslam i Førdefjorden. Men Natur og Ungdom hevdar at dei fordelane prosjektet opprinneleg gir, kan oppnåast utan forureining.

– Alle er einige om at sjødeponiet, og dagbrotet, har store og alvorlege miljømessige konsekvensar. Når regjeringa likevel ga forurensningsløyvet var det fordi den meinte at dei samfunnsmessige fordelane vog opp for dei miljømessige skadane. Konklusjonen i utgreiingane viser at ein kan oppnå lønsam drift utan å etablere eit sjødeponi eller å drive eit dagbrot, seier Nils-Henrik Pettersson, partner i Glittertind Advokatfirma.

Natur og Ungdom gjer merksame på at dei har 4500 personar på aksjonsliste mot gruvedrift, men strekar under at det meiner sivil ulydigheit er siste løysing.


Artikkeltags

Kommentarer til denne saken