Sogn og Fjordane med størst auke i konkursar

Av

NÆRINGSLIV: – Utviklinga er skremmande, seier fagsjef om utviklinga i fylket vårt.

DEL

Sogn og Fjordane er det fylket med størst prosentvis auke i tal konkursar for 2018, skriv firda.no.

Dette viser tal frå data- og analyseselskapet Bisnode, som har gått gjennom konkursane i norske bedrifter i fjor.

Tal konkursar i fylket vårt auka med heile 32,8 prosent i 2018 samanlikna med 2017.

– Utviklinga er skremmande

– Sogn og Fjordane opplevde ein stor auke i tal konkursar og tvangsavviklingar. Sjølv om talet bedrifter som er påverka er relativt lite, er utviklinga framleis skremmande, seier fagsjef Per Einar Ruud i data- og analyseselskapet Bisnode i ei pressemelding.

Totalt måtte 85 bedrifter gå til skifteretten i fjor, medan det i 2017 var 64 som gjekk same veg. I 2009, under finanskrisa, var talet oppe i 100.

På landsbasis var det 6288 bedrifter som gjekk konkurs eller blei tvangs-avvikla i 2018. Dette er ein auke på 2,8 prosent frå 2017.

Talet på konkursar har ikkje vore høgre sidan Finanskrisa i 2009, heiter det i pressemeldinga.

Stor oversikt: Desse gjekk konkurs i 2018 

Medan Sogn og Fjordane gjer det dårlegast på statistikken, ligg Aust-Agder på andreplass med ein auke på 19,1 prosent.

Trøndelag hadde derimot ein nedgang i tal konkursar på 13,6 prosent frå 2017 til 2018. Det gjekk også betre for Troms (-8,1 prosent) og oljefylket Rogaland (-6,4 prosent).

Handelsbransjen slit framleis

Ifølge pressemeldinga er det tre bransjar som lenge har regjert som konkursbransjar: Tenesteyting, detaljhandel og bygg og anlegg.

Tenesteyting opplevde ein auke på 4,6 prosent i tal på konkursar og tvangsavviklingar frå januar til desember 2018, samanlikna med same periode i 2017.

Innan detaljhandel var auken på konkursar på 5,9 prosent samanlikna med 2017.

Fryktar ikkje kjøpesenterdøden 

 – Det som gir grunnlag for framleis bekymring er dei svært låge marginane innan detaljhandel, seier Ruud i pressemeldinga.

Han viser til at bedrifter innan detaljhandel har ein gjennomsnittleg driftsmargin på berre 1,5 prosent, mot 5,5 prosent for resten av næringslivet.

Dette syner tal dei har henta ut.

– Det er derfor mange butikkar som ikkje har så veldig mykje meir å gå på, seier Ruud.

Ny bransje på konkurstoppen

Bygg og anlegg har lenge vore den bransjen som har trona øvst på konkurstoppen, men her er veksten på berre 1,1 prosent i fjor.

Vidare heiter det i pressemeldinga at hotell- og restaurantbransjen har den største auken i tal konkursar innan dei ulike bransjane. Her er tal konkursar auka med 11,7 prosent samanlikna med 2017.

Seriegründer får konkurskarantene

Tapte 2,2 millionar på hotellkonkurs 

Artikkeltags