Florø får gåve på bybursdagen 16. mai

Ein liten gjest pumpar vatn frå den nyrestaurerte brønnen på Brendøya - kanskje til geitene?

Ein liten gjest pumpar vatn frå den nyrestaurerte brønnen på Brendøya - kanskje til geitene? Foto:

FLORØ: Kystmuseet har sett vakre Brendøya i stand slik at den no er eit tilgjengeleg turmål for alle.

DEL

Det populære turområdet Brendøya er no ferdigstilt og klart for offisielt opning, melder Kystmuseet. Og kva betre dag å gjere det på enn 16. mai, byens bursdag?

Som eit statleg sikra friluftsområde har det no fått universell utforming og tilrettelagt informasjon. Kystmuseet i Sogn og Fjordane har gjennomført tiltaka for gjere området allment tilgjengeleg, og vil markere sluttføringa i lag med prosjekteigar Flora Kommune, og Sogn og Fjordane fylkeskommune, som har bidrege med midlar.

Brendøya er eit bynært område med eit autentisk kulturlandskap, som har vore i drift heilt fram til 1970-talet, og besøkande kan oppleve spora etter mange generasjonar med menneskeleg aktivitet her. Brendøya-prosjektet vart sett gang i 2012, planlagt og gjennomført av Kystmuseet i Sogn og Fjordane.

Gode turvegar er lagt fint inn i terrenget og sikrar tilkomst for alle, til sjønær natur og ei spektakulær utsikt mot fjordlandskap og fjella bakanfor. Her er også gode benkar å nyte utsikta frå.

Mange besøkande har opplevd den spesielle stemninga der ute på øya, og det er eit ynda område for barnefamiliar på tur, i all slags vêr.

Ikkje minst når dei populære geitene er sette ut for å beite i  landskapet, kjem det mange, i alle aldrar, på besøk. Ein ny port er på plass for å halde beitedyra inne, men området er alltid ope for alle.

Desse krabatane er svært populære! Mange av dei som legg turen til Brendøya gjer det for å få helse på dei.

Desse krabatane er svært populære! Mange av dei som legg turen til Brendøya gjer det for å få helse på dei. Foto:

I tillegg har Brendøya fått nye skilt som formidlar historie, kultur og natur. Her kan publikum hente informasjon om ulike tema, og Kystmuseet nyttar området til formidling av kysten si kulturhistorie. Her ligg alt til rette for aktiv læring og oppleving ute i naturen. Kystmuseet har difor sett i drift den gamle brønnen igjen, og sett poteter på husmannsplassen som ligg i vika mot sør.

Torsdag den 16. mai vil ordførar Ola Teigen klippe snora og overrekke Brendøya til publikum, med representantar for ulike brukargrupper som inviterte gjestar. Barnehagar, skuleklassar, turistar, turgåarar, unge og eldre, du og eg - alle er velkomne til fine opplevingar i dette unike området, skriv Kystmuseet i pressemeldinga si.

Nydeleg utsikt og fine grusvegar

Nydeleg utsikt og fine grusvegar Foto:

Artikkeltags