Yasmin får bli - i eitt år

Wenche Skorpen Hovland og Yasmin.

Wenche Skorpen Hovland og Yasmin. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

NRK Sogn og Fjordane melder at trafficking-offeret Yasmin, som har budd på Krisesenteret i Sogn og Fjordane dei sju siste åra, har fått eit avgrensa opphaldsløyve på eitt år.

Samstundes som dagleg leiar på Krisesenteret, Wenche Skorpen Hovland, uttrykker glede over vedtaket, reagerer ho på avgrensingane som lilgg i vedtaket: At Yasmin ikkje får rett til permanent busetting, familiegjenforeining eller hjelp til busetting.

Løft blikket ut av julekosen

- Den einaste skilnaden er at ho no får vere lovleg i Norge i eitt år. Det vil seie at politiet ikkje kan kome på døra og hente ho, seier Hovland til NRK.

Norge har tidlegare forsøkt å returnere Yasmin til Ungarn, der ho tidlegare har fått opphald.

Advokaten hennar, Terje Einarsen, meiner Yasmin er ein flyktning som har krav på vern.

Det er Yasmin sin helstilstand som har gjort at ho no har fått eit års opphald. Etter mange år med misbruk er Yasmin psykisk og fysisk sjuk og sterkt hjelpetrengande. Men UNE meiner likevel at helsetilstanden hennar skal vurderast igjen om eit år.

Artikkeltags