I ein kronikk som Firdaposten publiserer i dag, tek SFE Nett-direktør Asgeir Aase til orde for ei utjamning av nettleige-utgiftene.
800 millionar på ti år
"Over store delar av landet betaler nettkundar fleire tusen kroner meir i nettleige i året enn der den er lågast, skriv Aase, som meiner at ekstrakostnaden som kundar i fornybarområda må betale for transporten av vind- og vasskraft er ein systemfeil. For samstundes som nettkundane i til dømes Sogn og Fjordane sit nokre steinkast unna kraftverka, betalar vi mykje meir for å få frakta straumen enn kundar som sit hundrevis av kilometer unna områda der mesteparten av kraftproduksjonen går føre seg:
Desse utgiftene er heilt konkret genererte av den nye produksjonen som kjem der.
Asgeir Aase, direktør SFE Nett
"Åleine har Sogn og Fjordane Energi Nett investert rundt 800 millionar kroner dei seinaste ti åra i nett der ny produksjon har vore utløysande årsak. Dette er investeringar som heilt eller delvis må finansierast gjennom nettleiga til dei lokale nettkundane", skriv Aase.
Til Firdaposten seier Aase at utgiftene med å knyte det kommande vindkraftverket på Guleslettene til nettet er med der.

Kvifor straffe dei som bur nærast krafta?
– Dei utgjer omlag 170 av dei 800 millionane, og desse utgiftene er heilt konkret genererte av den nye produksjonen som kjem der, seier Aase.
Han trur at noko av utgiftene ville komme på eit seinare tidspunkt uansett, men då kunne ein ha valt billegare løysingar enn om ein bygger for ny produksjon.
– Tyngda av dei 800 millionane er utgifter til fornybar kraft.
Kundane får rekninga
Dei 170 millionane ein må investere i stamnettet for å få krafta frå Guleslettene på nett, må mellom anna brukast på å rive fullt fungerande struktur og bygge ny med større kapasitet.
– Dette er nett som ville halde i 20 år til.
Utbyggar Zephyr på Guleslettene vil måtte ta kostnaden ved stasjonen som skal ligge på Magnhildskaret, og nettet dit.
– Frå 1. januar kjem det eit nytt regelverk som seier at nettanlegg i kraftutbyggingsprosjekt som dette må ta inntil halvparten av utgiftene, men vi må forhalde oss til regelverket som gjeldt då konsesjonen vart gitt, seier Aase, og held fram:
– Så med mindre det kjem på plass eit utjamningsordning eller ein får behalde inntekene frå produksjonen som blir mata inn i regionalnettet, så får kundane denne rekninga - i mitt hovud som følgje av ein systemfeil i tariffregimet, slik styresmaktene fastset det.
I dette tilfellet er altså dei 23.000 kundane til SFE Nett mellom dei som får ei enorm ekstrarekning - rett og slett som følgje av at vi bur der vi bur.