Vågsøy Høyre har bestemt seg i spørsmålet om folkerøysting

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Etter at det lenge har vore eit ønskje frå Kinn-skeptikarane i Vågsøy kommune, har no Vågsøy Høyre gått med på å arrangere ei folkeavstemming om kommunesamanslåinga, melder Fjordenes Tidende. Partiet har ikkje greidd å lande på ei avgjersle i spørsmålet før no.

Fram til no har det det vore klart at Ap (6 representantar) og Venstre (3) ikkje har støtta folkerøysting, medan Sp (4), Tverrpolitisk liste (2), KrF (1), Rødt (1) og Hogne Bleie (1) støttar kravet om folkeavstemming, som skal opp i kommunestyremøtet torsdag kveld.

Forslaget Vågsøy Høyre legg fram, skal innehalde desse punkta:

At Vågsøy kommunestyre vedtar å gjennomføre ei folkerøysting om Kinn, og at kommunen kjem innbyggjarane i møte i deira behov for meir informasjon om Kinn. Før folkerøystinga må organiseringa av Kinn, økonomiske føresetnader og tolkninga av delt kommunesenter vere avklara, og folkerøystinga må haldast innan utgangen av juni.

Les også Ikveld blir det fakkeltog for folkerøysting

Les også Ei folkerøysting vil ikkje endre Kinn kommune

Firdaposten har førebels ikkje fått kontakt med Vågsøy Høyre-leiar Linda Vika-Svärd.

Artikkeltags