Folkerøysting i Vågsøy: 17 for, 10 mot

Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

11. juni skal folkerøystinga over samanslåinga mellom Flora og Vågsøy kommunar haldast i Vågsøy, har kommunestyret bestemt torsdag kveld.

 I høve punkta Høgre, som var siste parti ut med å bestemme seg, la fram i går, er det no komme inn eit ekstra punkt som seier at arbeidet i fellesnemnda og arbeidsgruppene skal halde fram som planlagt, og dessutan at stemmene frå Bryggja skal teljast opp for seg.

Bjørn Hollevik i Flora Høgre vedgår at han er forundra over partifellene i nord, i følgje NRK Sogn og Fjordane.

- Det kjem veldig seint å ha ei folkerøysting no. No må vi få ei avklaring på om vi skal gå i lag eller ikkje, seier Hollevik, som meiner at juni er alt for seint for ei folkerøysting og at avklaringa må komme no.

Artikkeltags