Innbrot hos Bunnpris

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Enno uvisst kva som er stole.

DEL

Laurdag føremiddag melder operasjonssentralen i Vest politidistrikt at det har vore eit innbrot i Bunnpris i Havreneset i Florø.

Politiet er på staden, men har på noverande tidspunkt ikkje opplysningar om kva som er stole frå butikken.

Dei er også interesserte i tips i saka.

Operasjonsleiar Per Rimmen fortel til Firda at han ikkje kan komme med så mange opplysningar om innbrotet enno, grunna etterforskninga som pågår.

Rimmen fortel derimot at innbrotet vart meldt av tilsette i butikken, då dei kom på jobb laurdag morgon.

Artikkeltags