- Ver forsiktige, og sikre lause gjenstandar

Ordførar Bengt Solheim-Olsen

Ordførar Bengt Solheim-Olsen

Artikkelen er over 4 år gammel

Ordførar Bengt Solheim-Olsen oppmodar innbyggjarane i kommunen om å sikre alt laust rundt husa, og vere forsiktige når ein ferdast ute.

DEL

Laurdag er det meldt storm, og kanskje også orkan, på vestlandet.

- Eg vil oppmode innbyggarane i kommunen om å sørge for at alt laust rundt husa blir sikra, og ikkje minst at alle viser forsiktigheit både med kvar og korleis ein ferdast ute, seier Bengt Solheim-Olsen.

På grunn av all medieomtalen dei siste dagane har fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand sendt ut orientering om uvêret som er meldt i helga. Og denne orienteringa vil ordføraren dele med innbyggjarane.

Medan det ei stund såg ut til at vinden ikkje ville bli så sterk som ein først trudde, er prognosane igjen sterk storm for Vestlandet. Nokre stader kan vinden komme opp i 40-50 meter i sekundet i kasta.

Full storm

Vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga for Vestlandet har informert fylkesberedskapssjefen om at det frå laurdag morgon/føremiddag er venta vestleg full til sterk storm langs heile kysten av Sogn og Fjordane.

- Den sterke vinden vil truleg vare ut resten av dagen. Det er vanskeleg å seie kor langt inn i landet det vil vere så sterk vind. Sidan vinden kjem frå vest, må det ventast at den kjem eit godt stykke inn, informerer Stensvand.

Høg vasstand

Kombinasjonen av lågtrykk og kraftig vind gjer at det kan ventast høg vasstand, og med høge bølgjer kan dette gi risiko for stormflo skader. Vegvesenet seier at det òg kan gi problem for ferjetrafikken ut på dagen i morgon. Det er venta ein del nedbør, med ei snøgrense på rundt 300-600 meter.

Fylkesberedskapssjefen har òg snakka med kraftforsyninga sin distriktssjef og Telenor, som informerer om at det er noko høgare beredskap enn vanleg i både tele- og kraftnæringa.

Meteorologisk institutt overvakar situasjonen nøye. Dersom data tilseier ei oppgradering, vil det verte sendt ut ekstremvarsel etter gjeldande kriterium.

Redusert rute

Norled informerer om at dei har redusert rute Bergen-Nordfjord laurdag 10. jananuar.

Avgangen frå Bergen kl.14.15 stoppar i Askvoll kl. 16.50. Resten av ruta vert innstillt grunna dårlege vêrmeldingar.

Amfi tar grep

Amfisenteret i Florø melder på si Facebook-side at dei har tatt inn landgangane til flytebryggene ved senteret, grunna det dårlege vêret som er meldt.

Artikkeltags