Dimeq kåra til mest spennande selskap

GRÜNDERBEDRIFT: Kalvåg-selskapet har enormt potensiale.

DEL

Det var på Connect Vest-Norge sitt investorforum at Dimeq AS fekk utnemninga.

Dimeq (Digital Maritime Equipment) i  Kalvåg har utvikla teknologi som skal halde greie på mannskap om bord i riggar og båtar i ein naudsituasjon: Alle som går om bord blir utstyrte med eit armband. Dersom det oppstår ein naudsituasjon, vil ein ved hjelp av ei datamaskin raskt få oversikt over kvar alle oppheld seg.

Det er far og son Audun og Ronny Bakke som har utvikla og patentert teknologien.

Under ein presentasjon i Førde i fjor haust, sa styreleiar Lars Johan Frigstad at Dimeq hadde eit kapitalbehov på 16 millionar kroner for utvikle selskapet vidare,  og Frigstad bekreftar at ein har jobba med å skaffe investorar.

– Vi er klare til å gjere første emisjon i løpet av kort tid, seier styreleiaren til Firdaposten, men han vil førebels ikkje kommentere saka ut over det.

Artikkeltags