Tjuvane tok ein viktig pakke frå postkassa til Sturla - no håpar han du kan hjelpe

Sturla Ellingvåg håpar nokon har funne innhaldet i pakken han venta på. Arkivfoto.

Sturla Ellingvåg håpar nokon har funne innhaldet i pakken han venta på. Arkivfoto. Foto:

FLORØ: Akkurat den dagen den viktige pakken til Sturla Ellingvåg låg i postkassen, kom tjuvane.

DEL

Og medan innhaldet er svært verdifullt og viktig for Ellingvåg, må det seiast å vere nokså verdilaust for dei fleste andre:

I pakken frå Anatomisk Institutt i Oslo låg dei siste restane frå eit 1000 år gammalt skjelett som Ellingvåg skal analysere ved DNA-laben i København, der han jobbar.

Skjelettet kjem frå ein sarkofag i Normandie.

- Det dreiar seg om Rollo, eller Gange-Rolv, vikinghøvdingen som slo seg ned i  Normandie. Dette er dei siste skjelettrestane frå hans næraste etterkommar, og dermed siste forsøk på å prøve å løyse den gåta.

Firdaposten har tidlegare skrive om korleis Elingvåg deltek i eit prosjekt som har som mål å finne ut om Gange-Rolv verkeleg var dansk, eller om han var nordmann.

Innhaldet var pakka i to plastrør på omtrent 15 cm med oransje plastkork.

Ellingvåg vart oppringd frå posten i Florø, og dei kunne fortelje at det har vore innbrot i fleire postkassar.

Håpar på hjelp

No håpar Ellingvåg at nokon kan ha funne desse to røra.

- Kanskje dei ligg langs vegen i området Nordalsmarka/Vågavegen, eller dei kan vere kasta i eit bosspann i nærleiken. Eg veit det ikkje er stort håp, men eg må prøve, seier han.

Ellingvåg erkjenner at den svært spesielle forsendinga sjølvsagt burde ha gått rekommandert.

- Men vedkommande som sende det frå Oslo seier at det har vore gjort slik mange gongar, utan problem. Det var veldig leit at dette skulle skje no, seier Ellingvåg, som sjølv er bortreist.

Posten meiner tjuveriet hende natt til tysdag.

Dersom du skulle finne noko, kan Sturla Ellingvåg treffast på telefon 922 50 111.

– Har leita i nærområdet

Tysdag, ei veke etter tjuveriet, fortel Ellingvåg at innhaldet framleis ikkje har dukka opp.

– Det er framleis sakna. Eg har leita ein god del i nærområdet. Eg har også god dialog med politiet, dei er på saka, og eg håpar dette kan løyse seg i løpet av denne veka.

Han har snakka med fleire naboar som også har opplevd tjuveri, mellom anna er pengar og ei klokke borte, og to gutar skal ha vore observert.

Tenestestadsleiar Wenke Hope ved Flora politistasjon stadfestar at dei jobbar med saka, og at dei har snakka med nokre foreldre etter å ha fått tips om aktuelle personar som kan stå bak tjuveria. Men så langt har ikkje politiet noko gjennomslag i saka.

Artikkeltags