Ustabilt mobilnett i Florø og Eikefjord skal no vere ok

Telenor har problem med telefonnettet i Flora.

DEL

Oppdatering: Telenor melde at nettet var ok like etter klokka 11 i føremiddag.

Mobilnettet i Florø og Eikefjord er ustabilt.

Folk som ringer med mobiltelefon i Florø melder om at lyden forsvinn i telefonsamtalar, eller at samtalane vert kutta.

Det fører også til at ein ikkje alltid kjem igjennom til naudnummera.

– Heller ikkje tryggleiksalarmar eller brannalarmar verkar som dei skal då, seier Jan Gunnar Holvik ved Alarmsentralen i Florø.

Han fortel at dei har meldt frå til Telenor, og at Telenor har stadfesta at det er ein snakk om ein feil.

– Dei leitar etter den no, men vi har ikkje fått noko rettetid på dette, seier Holvik.

Inntil feilen er retta bør ein ringe frå fasttelefon om ein vil ha kontakt med naudetatane.

Artikkeltags