– Stødige leiarar skaper ro

Iselin Hillersøy Tvenge

Iselin Hillersøy Tvenge Foto:

FLORA: Dei tilsette i administrasjonen er usikre på framtida - men sjukefråværet totalt sett i Flora kommune går ned.

DEL

I det aller siste AMU-møtet i Flora kommune, var det to punkt på saklista: Ein rapport etter trivselsmålinga kommunen utførte blant sine tilsette i fellesadministrasjonen i vår, og dei ferskaste tala for sjukefråværet i kommunen totalt sett. Begge deler må vere behageleg lesnad for kommunen som arbeidsgivar.

Omsorg: Fråværsårsakene er komplekse

Det totale sjukefråværet i kommunen har faste svingingar gjennom året; det er høgare i vinterhalvåret enn i sommarhalvåret, men det har gått markant ned for tredje kvartal. I 2017 låg det på 8,3 prosent for 3. kvartal, i fjor var det komme ned i 7,7 prosent, medan årets tal er 5,6. For den nemnde administrasjonen har fråværet gått ned frå 5,6 i 2017 til 3,2 i år, medan skule/barnehagesektoren sitt fråvær er redusert frå 6,9 i 2017 til 5,4 i dag. Helse og sosial har ein enno meir merkbar nedgong; frå 6,1 i 2017 til 2,8 i dag. For omsorgstenestene er tala høvesvis 9,5 i 2017 og 7,2 i år.

Iselin Hillersøy Tvenge er hovudtillitsvald for Sjukepleiarforbundet. Ho gler seg over at tala har gått ned, men trur at grunnen til det tradisjonelt høge sjukefråværet i omsorg er komplekse.

– Og ikkje alt kan skuldast arbeidsmessige forhold, sler ho fast og legg til at det er gjort mykje bra arbeid for å få ned sjukefraværet i omsorg.

Den siste tida har det vore ein del utskifting av leiarar i omsorg, noko Tvenge peikar på som stabililserande.

– Det er no komme på plass stødige leiarar i alle avdelingar, noko som skaper meir ro. Oppfølginga for den enkelte arbeidstakar blir på den måten også tettare.

Tvenger peikar også på at dei aller fleste som jobber innanfor omsorg er turnusarbeiderar, og at det å heile tida ha skiftande arbeidstid er svært uheldig for helsa.

– Gode turnusordninger der dei tilsette blir tekne med på råd om sin eigen arbeidskvardag er viktig og helsebringande. Eg opplever at det i omsorgstenesta har vore fokus nettopp på gode turnusar og at dei aller fleste avdelingsleiarar er obs på dette. Leiinga i omsorg har også lagt til rette for turnuskurs og vegleiing. Omsorgstenesta er ei 24/7-teneste og ein kjem ikkje vekk frå turnusarbeid, så dette vil alltid vere utfordrande, sler Tvenge fast.

Trivselsrapport

Men ho trur at det at Flora kommune har hatt fokus på etisk refleksjon i tenesta også har hatt positiv innverknad:

– At det blir lagt til rette for å snakke saman mellom kollegaer om krevjande situasjonar, er viktig i ein hektisk kvardag.

Når det gjeld den foreståande kommunesamanslåinga og korleis dette verkar inn på den enkelte sin arbeidsdag i høve eventuell usikkerheit om framtida, trur ikkje Tvenge at dette er noko den jamne tilsette er særleg påverka av.

– Eg som hovudtillitsvald får iallfall lite tilbakemelding frå dei tilsette ute i drift på dette. Dei har sine arbeidsoppgaver uavhengig av kommunesammenslåinga, seier Tvenge.

Ho trur at dei på omsorgsavdelinga som jobbar i fellesadministrasjonen blir meir berørte:

– Der ein framleis ikkje veit kven ein skal ha som næraste leiar, kor dei skal ha kontorplassen sin eller kven dei skal ha som kollegaer. Det er krevjande å stå i over lang tid.

Trivselsrapporten, som var andre punktet på AMU-møtet blei bestilt nettopp på bakgrunn av organisasjonsendringane Tvenge nemner, i høve kommunesamanslåinga til Kinn kommune. Hovudfunna i undersøkinga vart samanfatta i tre bolkar: Sosialt samarbeid, organisatoriske tilhøve og organisasjonskultur. Nokre tilsette kjende seg ikkje inkluderte i all informasjon i avdelinga, og det blei påpeika at arbeidsmengda er stor både for leiar og for tilsette, slik at ein kjenner på tidspress.

Likevel blir fasiten at dei fleste av dei tilsette i fellesadministrasjonen kjenner stor fridom i arbeidskvardagen og synest dei har eit godt arbeidsmiljø på avdelinga. Det som er knytt til utryggleik og negative kjensler går på framtida - korleis blir organiseringa av arbeidet etter samanslåinga, blir kollegiet splitta opp - slike ting. Bedriftshelse1, som utførte undersøkinga, føreslår ulike tiltak for å bøte på dette, som fast informasjon om kva som skjer ute i kommunen, og å sjå på moglegheita for å bruke ekstern hjelp i ein periode med stort arbeidspress.

Artikkeltags