Dei øvar på vår tryggleik

F.v. Ståle Grimen (Kystverket), Bjarte Nesheim (Flora brannvesen), Lars Ove Nygård (Flora brannvesen) og Robert Endestad, brannsjef i Flora kommune er alle ein del av staben under den store øvinga som går føre seg rundt to scenario i Askvoll og Balestrand.

F.v. Ståle Grimen (Kystverket), Bjarte Nesheim (Flora brannvesen), Lars Ove Nygård (Flora brannvesen) og Robert Endestad, brannsjef i Flora kommune er alle ein del av staben under den store øvinga som går føre seg rundt to scenario i Askvoll og Balestrand. Foto:

OLJEVERN: Brannmannskap frå seks kommunar har tysdag og onsdag øvd på korleis dei skal handtere store oljeutslepp.

DEL

I øvinga var det lagt opp to ulike scenario: I Askvoll kommune hadde ein lekter med ein oljetank ombord gått på grunn på Møkalasset ytst i Vilnesfjorden. Oljen sig inn mot Askvoll sentrum, og det var folk på plass i hamna i Askvoll, i full gang med å samle den opp. Målet var å unngå at den kom fram til det freda våtområdet Kyllaren, med dei konsekvensar det ville hatt for flora og fauna.

Stab i Florø

I Balestrand hadde ein tankbil kvelva i Esebotn. 40 m³ hydraulikkolje hadde allereie leke ut i vegkanten og vidare ned i fjorden, der den no var på veg mot Balestrand sentrum. Det blei jobba med lenser og avsperring for å hindre oljen i å spreie seg vidare i Sognefjorden. Og etter som dette til alt hell altså berre er ei øving, er "oljen" ein samlar opp frå vatnet eigentleg bark.

Begge aksjonane har vorte styrt frå Florø, der det har blitt sett stab i Røde Kors-huset i Nonskarvegen. Flora sin brannsjef Robert Endestad har vore innsatsleiar for mannskapa frå Sogn IKS (frå kommunane Balestrand, Sogndal og Leikanger), og frå Flora, Fjaler og Askvoll brannvesen.

Frå den interkommunale oljeverøvinga i Askvoll onsdag 6. november.

Frå den interkommunale oljeverøvinga i Askvoll onsdag 6. november. Foto:

– Det har vore stor aktivitet desse dagane. Vi prøver å øve mest mogleg reelt; den dagen noko verkeleg skjer, skal vi handtere situasjonen rett! Difor brukar vi store midlar på ei årleg øving, forklarer han.

Forutan det store talet mannskap, har også ni-ti båtar vore i sving, mellom anna den nye båten til Flora Hamn. Endestad seier dei har fått gode tilbakemeldingar frå Kystverket, som også er involverte i øvinga. Ståle Grimen, nettopp frå Kystverket, bekreftar det:

– Berre i løpet av dei par siste åra har det vore ganske mange hendingar i regionen her med risiko for akutt forureining. Det at ein er så flinke å øve interkommunalt er veldig verdifullt for beredskapen, og også for samarbeidet med Kystverket. Interkommunalt utval mot akutt forureining (IUA) Sogn og Sunnfjord er veldig flinke å halde slike store øvingar - det har dei gjort dei siste fire åra.

Stort bidrag frå Kystverket

Ein del av dei mellom 600. og 700.000 kronene som i år trengst til å finansiere ei øving over to dagar på tre stader, kjem då også frå Kystverket, i tillegg til at dei stiller den omfattande kompetansen sin til disposisjon. Kommunane sjølve betalar ein kontingent på fem kroner per innbyggar for å vere med i IUA. For Flora kommune sin del vil det altså seie rundt 60.000 kroner.

– Er ikkje dei med, kan vi ikkje gjere det på det nivået vi gjer. Og jo større vi kan øve, desto meir realistisk blir det, sler Eivind Ask fast.

Han og Bjarte Nesheim, begge frå Flora brannvesen, er dei som har laga øvinga.

Kystverket er med og legg føringar for kva øvinga skal innehalde. Grimen meiner denne øvinga blir spesielt verdifull fordi ein får øvd både på stabsleiing og ute i felten med mannskapa.

– I år øvar vi også på eit typisk kvardagsscenario med tankbilen. Langtransportulukker skjer nesten dagleg. Det gir øvinga god realisme, avsluttar Grimen.

Artikkeltags