Sjå kor mange som vil fiske hummar i Flora og Bremanger

Jan Tore Aldeholm er lidenskapeleg opptatt av hummarfiske.

Jan Tore Aldeholm er lidenskapeleg opptatt av hummarfiske. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Det meiner Fiskeridirektoratet sjølve.

- Per no er det 31.982 på landsbasis som har registrert seg, og det synes vi er eit godt tal, seier kommunikasjonsmedarbeider Vegard Oen Hatten i Fiskeridirektoratet.

I Sogn og Fjordane er det 1556 hummarfiskarar som har registrert seg, i Flora vil 306 personar fiske hummar og i Bremanger er talet 159.

Hatten kan ikkje seie noko om kor stor del av hummarfiskarane som har registrert seg, ettersom det er første året ein gjennomfører slik registrering. 

- Vi har ikkje noko samanlikningsgrunnlag.

Men han påpeikar at nesten 32.000 personar er ei betydeleg mengd fiskarar.

- Vi gjer dette som eit ledd i arbeidet med å få betre oversikt over beskattinga av hummar.

Det inkluderer også å sjå på redskapen, som no skal merkast med namn, adresse  og deltakarnummer.

- Registreringa betyr at vi i ettertid vil få høve til å gå inn i registeret og høyre med eit representativt utval kor mykje hummar dei har fanga og kvar. Då vil vi ha eit godt grunnlag for framtida.

Hatten seier Fiskeridirektoratet er veldig nøgde med responsen dei har fått på kravet om registrering.

- Folk er overveldande positive og synes dette er eit godt tilak, så vi vil kalle det ein ubetinga suksess.

Les også om Jan Tore Aldeholm som er ein lidenskapeleg hummarfiskar.

Artikkeltags