Tok drosje med passasjerar i fartskontroll

Einar Vereide, UP

Einar Vereide, UP Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

POLITI: Trafikken på vegen var liten, men fangsten og farten var høg.

DEL

UP gjennomførte onsdag ettermiddag ein kontroll ved fv. 614 ved Ytrehus i Bremanger, melder firda.no.

Einar Vereide i Utrykkingspolitiet (UP) fortel til Firda at sjølv om dei gjennomførte ein kort kontroll på kring 1,5 time, så vart det delt ut totalt seks forenkla førelegg.

Dette meiner UP-betjenten er for mykje, ut ifrå kor lite trafikk det er i dette området.

– Både det, og at høgste fart vart målt til 82 km/t på det som er ei 60-sone med smal veg, var vi lite nøgde med, seier Vereide.

Totalt var det også få bilar som passerte kontrollen, og Vereide fortel at patruljen såleis hadde høg «fangstprosent».

Bilen som vart teken i 82 km/t var også ei drosje med passasjerar. Vereide legg til at denne farten i ei 60-sone var svært nær å gi drosjesjåføren førarkortbeslag.

I tillegg til dei seks førelegga for fart, vart det også delt ut eit gebyr for manglande bruk av setebelte.

Artikkeltags