Naudetatane rykka ut til mogleg Ewos-brann

Onsdag kveld blei dei tilsette på Ewos i Gunhildvågen evakuert.

DEL

Dag Inge Gjesdal ved Alarmsentralen i Florø fortel til Firda at det skal vere varmegang i ein behaldar på Ewos i Gunhildvågen i Florø onsdag kveld. Tanken som inneheld fiskemjøl skal vere rundt 10 kubikkmeter.

– Det er ikkje observert opne flammar sidan tanken er lukka, seier Gjesdal.

Hanne Dankertsen er kommunikasjonsdirektør hos Ewos, og ho fortel at det var ein behaldar med ein miks av råvarer som det gjekk varmgang i.

- Men situasjonen kom raskt under kontroll, dei sju som var i bygget blei evakuerte, og det var aldri fare for verken personar eller anlegg, seier ho og strekar under at det aldri blei brann ut av det.

Ho seier at dei så langt ikkje veit årsaka.

- Eg vil tru at vi held fram med undersøkingane i morgon, om vi ikkje finn årsaka i kveld. Det er inga fare forbunde med å gå inn i bygget no. Alt er rolig no, oppsummerer Dankertsen.

SISTE: Like før midnatt melde politiet på twitter at tanken var tømt for innhald og at temperaturen i tanken dermed var synkande.

Politiet opprettar sak og årsaka til hendinga skal granskast.


Artikkeltags