Fekk hjartestans på ekspressbåten - redda av lukketreff

DEL

Det er NRK som fortel om ein nederlandsk turist (68) på reise i Norge saman med to søsken. På veg frå Bergen til Selje med ekspressbåten, stoppa plutseleg mannens hjarte medan han sat i setet sitt. Familiemedlemmene slo alarm.

Det skulle vise seg at mannen hadde flaks: Ikkje berre var det hjartestartar, men også eit stort antal nyutdanna legar om bord, som var på veg til kurs i Florø. Dei gjekk umiddelbart i gang med hjarte- og lungeredning. Då det ikkje hjelpte, tok dei i bruk hjartestartaren. Dermed fekk dei mannens hjarte i gang igjen.

Ti minutter etter hjartet til mannen stansa, la båten til kai ved Vardetangen i Austrheim. Der blei dei møtte av luftambulanse og sjukebil. Då var pasienten vaken og lå på golvet, forvirra og med litt smerter, men elles i forholdsvis bra form. Legane hadde også sett inn nål i armen hans og gjort klart for å sette medisin intravenøst.

Lege Jon Kenneth Heltne Nederlenderen blei så flogen til hjartelaben på Haukeland universitetssykehus.

Det skal gå bra med mannen, og alt tyder på at han snart vil bli skriven ut og kan reise heim.

– Vi er utruleg takksame overfor legane og mannskapet på båten. Dei redda livet hans, seier eit familiemedlem til NRK.

Norled seier dette var andre gongen dei har hatt bruk for hjartestartarane som står på fartøya deira.

Artikkeltags