Flora-kvinne dømd til seks år fengsel for drapsforsøk

Sogn og Fjordane tingrett.

Sogn og Fjordane tingrett. Foto:

TINGRETTEN: Forsøkte å drepe mann i 80-åra med kniv i august i fjor.

DEL

Drapsforsøket hende på ei av øyane vest av Florø for vel eit år sidan. Væpna politi rykte den gongen ut til hendinga, og den eldre mannen, som stod i eit familieforhold til kvinna, vart send til sjukehus med stikkskadar i ryggen. Såret var ti centimenter djupt, og mannen trengde to posar med kriseblod då han kom til sjukehuset.

Kvinna vart sett under tiltale og første del av rettssaka gjekk i august, og sa seg ikkje skuldig etter tiltalen. Straffeutmålinga i saka kom i dag, og kvinne fekk seks års fengsel. Ho må også betale mannen 150.000 kroner i oppreising, pluss 1400 kroner for påførte utgifter. Dei 497 dagane kvinna har site i varetekt kjem til fråtrekk i dommen.

Ei konflikt i familien skal vere bakgrunn for hendinga. Retten har funne det bevist at kvinna handla med forsett, og det at ho prøvde å komme seg inn igjen i huset etter at mannen var knivstukken meiner retten peikar i retning av at ho hadde eit drapsforsett.

Det vart betrakta som skjerpande at kvinna oppsøkte situasjonen, og også det at han var i ein sårbar situasjon og i sin eigen heim. Det retten meiner er kvinna sitt forsett verkar også skjerpande.

Kvinna sin vanskelege livssituasjon har verka noko formildande.

Artikkeltags