Mann dømd for forsøk på fyllekøyring

Måtte gjennom to rettsmøte før han fekk ein dom.

DEL

Det var i mars i fjor at ein 67 år gammal mann busett i Kinn kommune forsøkte å sette seg bak rattet trass i at han var påverka av alkohol eller andre rusmiddel. Analysen av blodprøva viste ein alkoholkonsentrasjon på 0,52 promille.

Då politiet første gong bad om tilståingsdom i saka, i byrjinga av november, kom det ikkje fram at det var snakk om forsøk på ruskøyring. Men etter at Sogn og Fjordane Tingrett hadde høyrt mannen si forklaring kom retten i tvil om vilkåra for tilståingsdom var til stades. Dermed blei saka send tilbake til påtalemyndigheita, og det vart bestemt at Ivar Blikra skulle oppnemnast som sikta sin forsvarar.

I midten av desember kom det ny begjæring om tilståingsdom, der siktinga var endra til å gjelde forsøk på promillekøyring. Mannen gav ei tilståing utan atterhald om hendinga, og retten fann det klart at den sikta faktisk hadde forsøkt å køyre den aktuelle motorvogna. Han samtykka i ein tilståingsdom.

Dermed har mannen vore gjennom to rettsmøte utan at det var hans feil, og han var utan førarkort i tre månader lenger enn det det var grunnlag for. Difor meiner retten at han har vore utsett for betydelege ekstrabelastingar. Dermed blei han dømd til 14 dagars betinga fengsel med ei prøvetid på to år, og 15.000 kroner i bot. Han blei også dømd til å miste førarkortet i seks månader, men politiet har altså hatt dette beslaglagt i ni månader. Han treng ikkje å avlegge ny førarprøve.

Artikkeltags