Må sone for ruskøyring utan lappen med stoff i bilen

TINGRETTEN: Mannen avla full tilståing i retten.

DEL

I starten av månaden stod ein mann i slutten av 30-åra tiltalt for å ha køyrt bil i rusa tilstand, utan førarkort. I tillegg fann politiet både amfetamin og hasj i bilen.

I skjerpande retning legg retten vekt på at køyringa skjedde midt på dagen, på ei strekning der det erfaringsmessig er mykje trafikk. I tillegg peika retten på at han tidlegare har gjort seg skuldig i liknande lovbrot, med ein dom frå i fjor sommar på fem månaders fengsel, der 75 dagar vart gjort betinga og 14 dagar i varetekt trekt frå. I tillegg fekk han ei bot på 50.000 kroner. Påtalmyndigheiten føreslo no at mannen vart idømd ein fellesdom, ettersom tilhøva han no stod tiltalt for, hende før dommen frå i fjor.

Det er ved blodprøver slått fast at han med all sannsynlegheit hadde ein promille høgare enn 0,5 då køyringa gjekk føre seg.

I formildande retning viser retten til at mannen har erkjent straffeskuld og samtykka til tilståingsdom.

Retten finn det dermed passande å vidareføre dommen frå sist - altså fem månaders fengsel, med 75 dagar betinga, medan bota blir auka til 65.000 kroner.

Artikkeltags