Truga politibetjent på 16. mai - må sone

KRIMINALITET: Ubetinga fengsel for å ha slått seg vrang og truga politiet.

DEL

Det var natt til 17. mai under eit russearrangement i Storeåsen i Florø at den 24 år gamle mannen kom i klammeri med politiet.

På bakgrunn av opplysiningar frå publikum og erfaringar frå tidlegare arrangement med at det kan dukke opp personar på festområdet som ikkje er russ, var politiet til stades i Storeåsen om kvelden og utover natta 16. mai.

Tiltalte og ein av politibetjentane møttest ei stund før hendinga i tiltalen. Ho kjende han att frå ein tidlegare episode og sa at han måtte oppføre seg fint. Tiltalte svarte smilande at det skulle han.

Men ein time seinare blanda han seg inn då politibetjenten og ein kollega forsøkte å skilje to russegutar som heldt på å byrje å slåst. Han gjekk tett på dei og kom med ulike tilrop. Han fekk difor tydeleg pålegg om å fjerne seg, men etterkom ikkje dette. Ein annan politibetjent kom til, men tiltalte vart utagerande og fekk etterkvart handjern på seg. Han vart oppfatta som trugande, og politibetjenten opplevde situasjonen som svært ubehageleg, då han retta aggresjonen sin særleg mot henne. Han ropte fleire gongar "I'm gonna get you, bitch. You hear me?" medan han hadde augekontakt med henne.

I retten erkjente han straffeskuld for ikkje å ha retta seg etter pålegg frå politiet. Retten fann det bevist at han handla slik som skildra, og at det var forsettleg. Han erkjende å ha komme med ytringane som er skildra i tiltalevedtaket, men hugsar ikkje alle detaljar. Han forklarte at han var sint og full, og følte seg urettvist behandla. Han sa også at han ordla seg slik han gjorde fordi han ville ha tenestenummeret til politibetjenten og stille henne til ansvar for det han meinte var ei ulovleg tenestehandling - ikkje for å påverke der og då. Det vart han ikkje trudd på.

Retten meiner at han ikkje hadde nokon grunn til å blande seg inn og forstyrre politiet sitt arbeid. Han måtte forstå at han difor kunne bli fjerna med makt, og at dette er noko politiet har rett til å gjere. Retten peikar også på at tiltalte skal vurderast som om han hadde vore edru. Den finn det bevist at tiltalte med sine trugslar søkte å påverke politibetjenten til å ikkje delta vidare i pågripinga av han.

Han blei dømt til å sone 16 dagar i fengsel for hendinga.

Artikkeltags