Sunnfjordring ankar bestikkelsesdom

DOM: Vart dømd til tre år og seks månaders fengsel, men nektar straffeskuld.

DEL

Tre menn med tilknyting til Ewos-systemet vart i september dømde til fengsel for korrupsjon. Ein av dei, heimehøyrande i Sunnfjord, har sidan 90-talet vore ein viktig samarbeidspartnar for Ewos. Han vart dømd til tre år og seks månaders fengsel for å ha gitt ein tidlegare leiar i Ewos kontantar og tenester verdt nærare 1,6 millionar kroner. Den tidlegare leiaren vart dømd til fire års fengsel, og til inndraging av 1,5 millionar kroner. Tredjemann i saka, ein hordalending, vart dømd til to års fengsel. Alle nektar straffeskuld og møtte måndag i Frostating lagmannsrett i samband med anken.

"Smøringa" skal ha pågått over mange år - frå 2002 til 2013, i følgje dommen.

Førstestatsadvokat Elisabeth Harbo-Lervik viser til at den tidlegare Ewos-sjefen tok i mot og delvis kravde fordelar frå dei to andre, skriv NRK.

Ho kallar korrupsjonen omfattande og grov. Det er kalla inn over 30 vitne, og siste dag i rettssaka er sett til 8. mars.

Artikkeltags