Røykutvikling i båt utanfor flyplassen

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Ein fritidsbåt fekk stopp i motoren, og dreiv mot land utanfor flyplassen i Florø torsdag kveld.

Redningsleiar Jan Lillebø ved Hovudredningssentralen fortel at det var røykutvikling ombord i båten.

Ambulansebåten var næraste ressurs, då redningsskøyta Halfdan Grieg befinn seg i Måløy.

- Dei fann båten med ein gong og har hjelpt han inn til kai. Det har ikkje vore nokon dramatikk, seier Lillebø, som opplyser at dei fekk beskjed om hendinga klokka 22.13.

Personalet på ambulansebåten opplyser til Firdaposten at dei slepte båten inn til Gunhildvågen, og at alt står bra til med personen om bord.

Artikkeltags