Full utrykning til grunnstøyting i Brandsøy

Brannvesenet er på staden ved Kinn Marina.

Brannvesenet er på staden ved Kinn Marina.

Ein person var ombord i båten.

DEL

Klokka 16.01 rykka alle naudetatane ut etter at dei fekk inn melding om at det hadde gått ein båt på land ved Kinn Marina i Brandsøysundet.

Det var ein person i båten, og den blei raskt opplyst å vere sikra, og at personen i ombord var i landkommen. Det var også rapportert at vedkommande blødde frå hovudet.

Båten var om lag 25 fot lang, og det vart meldt om mindre dieselsøl rundt havaristaden.

Personen som var ombord, ein mann i 50-åra, vart tilsett og dimittert av ambulansepersonellet som kom til staden. Redningshelikopteret var også på staden då Firdaposten kom fram, men det returnerte til basen i Florø. Politiet har ikkje grunn til å tru at føraren var rusa.

Det blir sendt kranbil til staden for å bistå med berginga av båten, opplyser politiet.

Artikkeltags