Saka mot Barlindbotn Settefisk opp i Høgsterett

Barlindbotn Settefisk inst i Eikefjorden.

Barlindbotn Settefisk inst i Eikefjorden. Foto:

Blei i fjor dømde for å ha tappa ned Jagedalsvatnet.

DEL

Gulating Lagmannsrett dømde Barlindbotn Settefisk AS til å betale ei bot på 250.000 kroner for brot på mangfaldslova og Vassressurslova.

Dei hentar ferskvatn frå Jagedalsvatnet, som ligg delvis inne i Sandvikbotn naturreservat, og det er sett ei grense for kor mykje vatnet kan tappast ned. Denne grensa overskreid selskapet med 130 cm hausten 2014. Dei må også betale 1,8 millionar kroner til staten - inndraging av midlar retten meiner kom som forteneste på handlinga.

Barlindbotn Settefisk forsvarar handlinga med at det var naudsynt for å berge 1,7 millionar lakseyngel i ein periode med for lite vatn.

– Hadde vi ikkje gjort det, ville vi tatt livet av fisk til ein verdi på mellom 20 og 30 millionar kroner, sa styreleiar Inge Helge Vassbotten til Firda.

No skal altså saka opp i Høgsterett.

Artikkeltags