Ingen greidde å stogge «Stoltzekongen» frå å ta vandrepokalen

Tre på rad: Ingen greidde å gjere noko med Thorbjørn Thorsen Ludvigsen som vann for tredje år på rad.

Tre på rad: Ingen greidde å gjere noko med Thorbjørn Thorsen Ludvigsen som vann for tredje år på rad. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Laurdag vart Vetenløpet opp arrangert. Spenninga føre løpet var både kor mange som stilte til start, og om «Stoltzekongen», Thorbjørn Thorsen Ludvigsen kunne ta den tredje sigeren på rad, og på den måten sikre seg vandrepokalen til odel og eige.

Med dårlege vêrmeldingar var det berre 180 påmelde dagen før løpet, men vêret vart betre enn meldt og det enda til slutt med 333 deltakarar ved start.

– På gode år har vi gjerne over fem hundre, men ein må forvente at deltakartala svingar litt her ute. Vi er godt nøgd viss ein tar vêrmeldingar og plassering med i betraktinga, seier ein av arrangørane Gisle Skjølberg, som sjølv kom på 6.-plass i løpet.

Trass i at Skjølberg er fornøgd med tal på påmelde skulle han ønske det stilte fleire unge til start.

– Vi skulle gjerne hatt endå fleire blant dei yngre klassane, spesielt lokale ungdom. Tyngda av deltakarar er på dei eldre klassane, forklarar Skjølberg som kan vise til at det ikkje er eit nytt fenomen at det er få unge med.

I dameklassa kunne May Britt Buer juble over sin tredje siger i løpet, med tida 32.56, eit og eit halvt minutt bak rekorden til Eli Anne Dvergsdal. Ein stor prestasjon då Buer er meld på i 40–44 klassa, og då var over 20 år eldre enn nokre av konkurrentane. Eirin Aasen Kvalheim frå Måløy kom på 6.-plass 7 minutt etter, og Norunn Stavø frå Florø kom inn på plassen bak.

På herresida var det knytt stor spenning til om bergensaren Thorbjørn Ludvigsen kunne bli den fyrste som fekk vandrepokalen til odel og eige. Ludvigsen hadde allereie vunne løpet to år på rad, og jakta den tredje, som han også fekk. På tida 27.06, halvanna minutt bak rekorden til John Sompol, og eit minutt og 16 sekund bak sin eigen rekord.

Firdaposten har ikkje fått kontakt med Ludvigsen.

Sjå resultatlistene her

Artikkeltags