Gå til sidens hovedinnhold

Jakob Stavang Stubhaug tok andre plass i golfturnering

Artikkelen er over 3 år gammel

Det unge golftalentet spelar si første sesong i U19-klassa, og han slår godt frå seg.

Jakob Stavang Stubhaug frå Florø fyller 16 seinare i år, og spelar si første sesong i U19-klassa i golf i år. Første runde av årets Srixion Tour gjekk av stabelen på Sola Golfklubb laurdag, og Stubhaug spela til fem under par. Det heldt til ein andre plass for den unge florøværingen, to slag bak vinnaren. Stubhaug meinte sjølv at han gjorde ein god turnering.

– Ja, eg spelte bra, og ei så god plassering må eg vere nøgd med.

Norge er ein av dei fremste nasjonane i verda på juniornivå i denne sporten, og Srixion Tour er det øvste turneringsnivået for juniorar i Norge. Turneringane tel på den internasjonale amatørrankinga. Turneringa på Sola tel også som ein av tre kvalifiseringsrundar til Youth Olympic Games i oktober.

På Sola stilte 70 deltakarar til start i U19.

Det var NRK som først meldte om saka.

Kommentarer til denne saken