Gå til sidens hovedinnhold

Skuffa etter 2. plass i junior-NM

Artikkelen er over 4 år gammel

I helga vart den øvste turneringsserien for juniorar i Golf, Srixton Tour, heldt på Nøtterøy. På deltakarlista i klassa G15 stod golftalentet frå Florø Jakob Stavang Stubhaug. Florøværingen som fyller 15 år seinare i år, har dei siste åra vore i toppen i klassa, og hadde i år sin siste moglegheit til å verte norgesmeister for G15 før han vert yngst i G-19 klassa neste år. Sjølv om hovudpersonen var skuffa etter turneringa, så befesta han sin plass i toppen.

Turneringa gjekk laurdag og søndag, og etter første dag låg 14-åringen på ein delt fjerdeplass, seks slag over par. Utover søndagen spelte det unge golftalentet seg opp og enda til slutt på ein delt andre plass, ti slag over par. Trass andre plass var ikkje ungguten heilt fornøgd, og pappa Magne Stubhaug fortel kvifor:

– Jakob har vunne dei to siste turneringane i den klassen, og han reiste dit med ein ambisjon om å vinne, så han er nok litt skuffa no, seier pappa Magne Stubhaug.

14-åringen reiste vidare til Jølster allereie på måndag, og eit par dagar etter konkurransen ser Jakob fram mot neste konkurranse:

– Eg vart litt skuffa det var eg, seier Jakob, medan han er på veg til Ålesund for å trene inn mot neste vekes lag NM for junior.

– Spelet var ikkje heilt på topp, og så var det litt marginar mot, dessverre, held ungguten fram medan han fortel om målet for sesongen.

Vil vinne samanlagt

Etter junior NM for lag skal 14-åringen til Losby for å spele ei ny individuell turnering for juniorar, her vert det moglegheit for revansj, og det skal ikkje stå på ambisjonane.

– No ligg eg på fyrste plass på sesongrangeringa, og målet er å vinne den til slutt, slår Stavang Stubhaug fast.

.

Kommentarer til denne saken