Kjerpeset vs. Warholm på 60 meter

KLAR: Øyvind Strømmen Kjerpeset er klar for heimebana.

KLAR: Øyvind Strømmen Kjerpeset er klar for heimebana.

Artikkelen er over 3 år gammel

Årets første duell mellom Florøs Øyvind Kjerpeset og Karsten Warholm kjem under Fjord 1 Indoor Games.

DEL

Men denne gongen skjer det berre på 60 meter sprint mellom dei to som kjempa så tett på 400 meter hekk under fjorårets NM.

Då gjekk det i knapp favør til tikampfenomenet frå Sunnmøre. Det meste av A-laget i norsk sprint og hekkeløp er påmelde til Fjord 1 Indoor Games  6. februar, og vil møte sterk internasjonal kamp, kan nettstaden Norsk Sprint fortelje.

Vladimir Vukicevic skal springe 60 meter hekk i eit sterkt nordisk felt. Kristi Strømmen Kjerpeset (18), Florø T&IF, kan vere klar for ny pers på 60 meteren mot nokre av Norges raskaste sprintarar på ei av norges raskaste baner. Persen til Kristi er 7,94 sek.

Jaysuma Saidy Ndure vil og vere og klar for Florø om han får lagt bak seg rettssaka han er midt oppe i. Mennene skal springe 60 meter, 100 m og 60 m hekk. Kvinnene 60 m og 100 meter.

Artikkeltags