I helga gjekk Tjalveleikane av stabelen på Bislett Stadion i Oslo. Dette var den siste konkurransen for Florø-løparane før dei skal til Harstad for å konkurrere i junior-NM, og det var oppløftande resultat for dei lokale.

Lasse Solheim Angelshaug sprang inn til ein klar sølvmedalje på 100 meter bak mangekampar Toralv Oppdal på tida 11.26. På 200 meter sprang Angelshaug inn på tida 23.16 noko som var nok til bronsemedalje. To sterke resultat i ein periode med mykje tung trening.

Etter eit mislykka U20-EM stod Kristi Strømmen Kjerpeset på startstreken igjen. Hekkeløparen sprang inn til ein klar siger med tida 14.19. I tillegg prøvde 19-åringen seg i lengde, og med 5.51m enda Strømmen Kjerpeset på førsteplass i 18/19-års klassa.

Øyvind Strømmen Kjerpeset har eit mål om senior-NM i Sandnes om tre veker, og er for tida inne i ein hard treningsperiode. På Bislett sprang sprintaren inn til ein 2.-plass på 100 meter på 10.84. Noko som nok skyldast ein kropp stinn av trening.