Sjølv om Florø Fotballs sesong ikkje heilt har vore det vi håpa på har Torje Naustdal hatt ein knallsesong. Mykje speletid på Florøs midtbane blei lønna med uttak i landslagstroppen til G18. Onsdag kom han inn frå benken, og fekk sin debut med flagget på brystet. Fredag har ungguten fått plass frå start på laget som møter Tsjekkia på National Stadium i Cruz Quebreda i Lisboa.

Sogndals Johan Hove har også fått ny tillit frå start i den kampen.

Tsjekkia kom best i gong, og tok leiinga 1–0 etter ein scoring av Adam Provaznik. Eit resultat som skulle stå seg nesten heilt til slutt, men etter 84 minutt sette Mikael Birk Giæver Ugland frå Fløy-Flekkerøy eit frispark heilt oppe i vinkelen. Dermed sto det 1-1, og det blei også sluttresultatet. Landslagstrenar Pål Arne Johansen meinte at laget gjorde ein god kamp, og hadde fortent å vinne.

– Vi var overlegne i banespelet og hadde bra trykk i boksane. Det blei uavgjort, men det følast nesten som ein seier. Seks av spelarane starta ein landskamp for første gang i dag og vi dominerte mot eit lag som er rangert som nummer ni i Europa. Sjølv er vi nummer 29 på den same rankinga. Det var ein imponerande kamp både av dei som starta og dei som kom inn. Det er stadig fleire som melder seg på i landslagsdiskusjonen i dette kullet og det viste gutane igjen i dag, seier Johansen til fotball.no.

Naustdal blei bytta ut etter 60 minutt, til fordel for Markus Solbakken frå HamKam.

Torje Naustdal og dei andre G18-gutane speler si siste kamp under Portugal-opphaldet på søndag. Då er det Japan som er motstandar.