Endre Kupen signerte torsdag ei kontrakt med Florø Fotball som varar ut 2021. Spissen har den siste tida vore i søkelyset til blant anna Bodø/Glimt, men toppscoraren til Florø har vore klar på at det ikkje var aktuelt. Den tidlegare Tornado Måløy-spelaren var ikkje tilgjengeleg for intervju etter signeringa, men seier dette til Florøs eigne heimesider:

– Det hadde vore kjekt å rykke opp med Florø i år igjen.

Kupen har scora ni mål på dei siste ti kampane han har spelt, i tillegg til at spissen scora 26 mål på 26 kampar i opprykkssesongen til Florø i fjor. Med ein lang avtale får Endre også ein større tryggleik. Småbarnsfaren trivest godt i Fagerlia og har funnet seg godt til rette i Florø. Ambisjonane om å spele på eit høgare nivå er der framleis, og avtalen vil ikkje vere til hinder, om det rette tilbodet skulle komme. Det er ingen hemmelegheit at det har vore mykje merksemd rundt Kupen i det siste. både seriøse og useriøse aktørar har forsøkt å få han i tale, og no håper vi at den nye avtalen skal gjere kvardagen litt rolegare, skriv klubben på sine eigne heimesider.

Toppklubb tatt kontakt med Kupen