Kjem det nye spelarar til veka?

KJEM DET FLEIRE TIL VEKA? Dagleg leiar Harald Gjervik med klubbens nyaste spelar, Otar Javashvili.

KJEM DET FLEIRE TIL VEKA? Dagleg leiar Harald Gjervik med klubbens nyaste spelar, Otar Javashvili. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Til NRK seier Terje Rognsø at det kan vere spelarar på veg inn.

DEL

At Florø Fotball ønsker å forsterke spelarstallen inn i haustsesongen er ikkje ein nyheit. Otar «Java» Javashvili frå Georgia er allereie på plass, men det er forventa at det kjem fleire. Til NRK seier Terje Rognsø at han ønsker seg 2–3 spelarar, og at det kan skje noko over helga.

– Vi har vore spesielt sårbare med mange angrepsspelarar ute og problem i forsvaret, så vi prøver å forsterke oss i neste veke. Vi har jobba med fleire og har klare kandidatar, men har så langt ikkje ville forhaste oss.

Florø spelar mot Kongsvinger på Gjemselund laurdag kveld. Heime på stadion vann Florø 1–0 i vår, etter scoring av Peter Aase. Kongsvinger hadde ein katastrofal start på sesongen, men etter at dei kvitta seg med trenaren har dei fått skuta på rett kjøl igjen. No har dei tilsett Mark Dempsey som ny sjef, og han får sin første kamp som trenar for laget frå dei djupe skogane mot Florø.

Kongsvinger har også vore ute på overgangsmarknaden før haustsesongen. Jørgen Kolstad har lagt opp, og Simon Thomas har gått til nedrykkstruga Strømmen. Inn i troppen har det dukka opp ein brasilianar som heiter Lucas Morais, men om vi får sjå han starte allereie mot Florø er nok tvilsamt.

Artikkeltags