Tour of Norway for kids inntek Florø for fyrste gong

Gleda er stor når ein trillar fyrst over målstreken.

Gleda er stor når ein trillar fyrst over målstreken. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

I 13 år har Norges Cykleforbund reist rundt i Norge og laga sykkelfest for barn og unge. I år reiser dei innom 55 byar og tettstadar frå juni til august. Tidlegare år har dei vore i Førde, men i år enda forbundet på Florø som arrangørby.

Formann i Flora Cykleklubb, Jens Petter Kjelsnes, gler seg til å få vere med å arrangere sykkelrittet:

– Dette trur eg blir veldig artig. Forbundet kontakta oss og har sjølv valt helg, så det var litt tilfeldig at det vart same helg som Himmel og hav. Dette er eit arrangement som vert ein del av ungdomssatsinga vår i Flora Cykleklubb. Eg trur det vert ein kjempestart på helga, seier Kjelsnes.

Kjelsnes er sikker på at dette vert ein folkefest og har denne oppfordringa til Florøfolket:
– Her er det berre å ta på seg hjelmen og bli med. Det er proffe folk som kjem og arrangera eit flott sykkelløp, held formann i Flora Cykleklubb fram.

Tour of Norway for Kids har den siste veka reist rundt i Sogn og Fjordane. Løpet har vore innom Stryn, Bulandet og skal innom Måløy før dei rullar inn i Florø få timar før sildebordet opnar.

– Ein meld seg på løpet ved Flora Barneskule, og løypa har både start og målgang i Hans Blomgate, seier Kjelsnes.

– Løypa er på omtrent 600 meter, men vert litt korta inn for dei minste, slik at den skal vere overkommeleg for alle, avsluttar Kjelsnes.

Tom Stigen var med å fekk Tour of Norway for kids til Førde ein gong i tida, og er klar på at det har gitt positive ringverknadar:

– Det har hatt ein del å seie for sykkelinteressa blant barn og unge. Dette er eit arrangement som Norges Cykleforbund sette i gong ein gong i tida, og det er no ein viktig arena for å fremme idretten, seier Stigen før han fortset.

– Det er eit lukka arrangement, noko som vil seie at løypa er lukka for bila og det er mykje vakter langs vegen. Her er det svært trygt å sende ungane av garde åleine. Det er profesjonelt gjennomført med stort målsegl, ein får litt Tour de France-kjensle, seier Stigen som er ungdomstrenar i Flora Cykleklubb.

Fyrst ut er dei aller minste. Her kan ein køyre trehjulssykkel eller sykkel med støttehjul om ein vil. Etterpå er det aldersklassifisering heilt opp til 13 år.

– Å sjå dei aller minste sykle gjennom løypa, nokre med foreldra ved sidan av, det er det idrett handlar om for meg, seier Stigen som også legg til at det er premie til alle som deltek.

Dei yngste var djupt konsentrerte før start i Førde i 2011.

Dei yngste var djupt konsentrerte før start i Førde i 2011. Foto:

For å finne praktisk informasjon om arrangementet kan ein besøke sykkelrittets eiga heimeside

Artikkeltags