Med sju strake sigrar hittil i sesongen er det ikkje så rart at Tempo-spelarane har begynt å tenke tanken på at det kan bli opprykk og spel i 5. divisjon neste sesong. Det er framleis langt dit, men førestillinga dei leverte mot laget frå Fure tysdag legg nok ikkje nokon dempar på optimismen.

Godt treff

Men det var Fure som kom best i gong. Tommy Johansen Dale har eit frispark i tverrliggaren i starten av kampen, og Tempo bruker litt tid på å få i gong spelet. Men det kjem. Fine kombinasjonar på venstresida, eit høgt innlegg i boksen, og ein heading i stolpen gjer at det står 1–1 i aluminiumstreff, og 0–0 i mål etter halvspelt førsteomgang. Eit heilt greitt resultat etter spel og sjansar.

 

Etter 24 minutt sit ballen i nota, og det er nok ein gong etter godt spel på venstresida til Tempo. Ballen blir lagt frå dødlinja og ut i feltet. Der får Tor Olav Aarlia Rognsøy parat med slegga, får eit godt treff på ballen, og Tempo kan gå til pause med 1–0. 

Dagens beste treff på ballen kjem i andre omgang. Ein flott pasning frå midtstopparplass og opp til Magnus Helgås Brandsøy på venstrekanten. Han avanserer nokre meter før han dundrar ballen inn i lengste hjørne. Ein flott prestasjon, kanskje ein søknad til årets mål på kunstgraset, og no har Tempo kampen i si hole hand. 2–0 etter 53 minutt.

Eikefjord neste

Fure slår raskt tilbake. Eit brot på midten, ein pasning i bakrom, og Jørn Solås gjer ikkje noko gale aleine med keeper. Var det offside? Kanskje, men i historiebøkene vil det for alltid stå at målet er godkjend. 2-1, og no er det kamp igjen. Fure slo Tempo i begge kampane i fjor, og er eit solid lag. I periodar har dei initiativet i kampen, og set Tempo under eit lite press. Keeper A. Kojok må i aksjon ved eit par høve, men let seg ikkje lure. I staden er det Tempo som kontrar inn 3–1. Tor Olav Aarlia Rognsøy punkterer kampen når han pirkar inn eit ferdigscora innlegg i det åttiande minutt.

I sommarvarmen på kunstgraset på Florø Stadion er det Tempo som trekk det lengste strået. 3–1 over eit Fure-lag som hadde lyst på poenga er sterkt, og sjølv om Fure har både initiativ og eit visst press i periodar av kampen, verka det å vere noko solid over dette Tempo-laget. Neste kamp er mot serietoar Eikefjord. Vinn Tempo den kampen er dei elleve poeng føre dei oransje rivalane inne i fjorden. Det kan bli tøft å hente inn att, sjølv om hausten er lang. Vi gler oss allereie.