Følg thrilleravslutninga i 4. divisjon

FOTBALL: Blir det Årdal eller Førde som rykker opp? Meir spennande er det kanskje i botn der både Bremanger og Florø 2 kjempar for å unngå sisteplassen og eit mogleg nedrykk

DEL

Siste serierunde i 4. divisjon spelast klokka 14.00 laurdag. Sidan Florø sitt PostNord-lag har heimekamp mot Åsane klokka 16.00 får vi dessverre ikkje sendt ut levande bilde frå nokon av kampane. Dei som sit med hjartet i halsen og lurer på korleis det går rundt om på arenaene må eventuelt følge med på Firda, og Firdaposten si tekstlive.

Bremanger tek i mot Dale på heimebane. Den kampen kan du følge her:

Bremanger-Dale

Dette med opprykk og nedrykk frå 4. divisjon er litt komplisert. Det kjem an på korleis det går med Sogndal 2 og Fjøra i Norsk Tipping-ligaen. Det som er heilt klart er at om Bremanger vinn med tre mål mot Dale går dei forbi dei på tabellen, og skal spele i 4. divisjon neste år uavhengig av resultat i andre kampar.

Florø 2 ligg heilt sist, dei tek i mot Syril på heimebane. Den kampen kan du følge her:

Florø 2-Syril

Det unge Florø-laget ligg heilt sist på tabellen, og om dei skal klatre opp til nest siste plass må dei vinne over Syril. Samtidig må Bremanger tape mot Dale. Om det skjer vil Florø 2 sannsynlegvis unngå nedrykk.

I toppen av tabellen må Førde slå Eid, samtidig som Årdal taper borte mot Tornado Måløy om dei skal sikre seg kretsmeistertittelen og opprykk til Norsk Tipping-ligaen.

Her kan du følge innspurten med alle kampane, minutt for minutt.

Det som er klart er at det laget som vinn 4. divisjon går opp i Norsk TIpping-ligaen. Kven som rykker ned er litt meir usikkert. Det kjem altså an på kva som skjer med dei to laga frå kretsen som er i Norsk TIpping-ligaen i dag. Sogndal 2 og Fjøra. I skrivande stund er begge laga på trygg plass, med sju og fem poeng ned til nedrykksstreken. Men det er framleis ni poeng att å spele om, så ingen av laga kan føle seg heilt trygge.

Om både Sogndal 2 og Fjøra held plassen i divisjonen skal laget på siste plass i 4. divisjon spele kvalik mot eit lag frå 5. divisjon om å få spele 4. divisjon neste år.

Om Fjøra eller Sogndal 2 skulle rykke ned, går laget på siste plass i 4. divisjon rett ned, medan laget på nest siste plass må spele kvalik mot eit lag frå 5. divisjon om å få spele 4. divisjon neste år.

Tabellen i Norsk TIpping-ligaen er slik no at Fjøra og Sogndal 2 ikkje kan rykke ned saman. TIl det er dei to dårlegast laga for langt bak. Vestfossen ligg på plassen rett under streken, og spelar mot Sogndal 2 laurdag. Med siger er Sogndal 2 ute av nedrykkskampen. Om det skjer, og Fana samtidig vinn heime, er begge laga frå Sogn og Fjordane trygge.

Det ligg med andre ord an til ei svært så spennande avslutning på sesongen i breiddefotballen.

Artikkeltags