Eikefjord Fotball tjuvstartar haustsesongen i 6. divisjon med bortekamp mot Hyen fredag kveld. Kampen vart lagt til fredag grunna Friluftshelga i Hyen som vert arrangert denne helga. Eikefjord er serieleiar i avdelinga, men det vert inga enkel oppgåve, skal ein tru Eikefjord-trenar Øyvind Sørbø.

– Vi har ikkje fullt lag, då det er midt i fellesferien og det samstundes er Malakoff denne helga. Vi reiser opp med dei spelarane vi har og så gjer vi det vi kan for å øydelegge festen, seier Øyvind Sørbø.