Tapte to poeng i siste minutt

Vegard Dyrstad skåra målet som sikra at blådraktene i alle fall fekk med seg eitt poeng. Dyrstad kom inn eit kvarter før slutt og skåra etter omlag seks minutt.

Vegard Dyrstad skåra målet som sikra at blådraktene i alle fall fekk med seg eitt poeng. Dyrstad kom inn eit kvarter før slutt og skåra etter omlag seks minutt. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Florø er nede på tredje plass på tabellen etter 1-1 mot Vard Haugesund.

DEL

I aller siste minutt av kampen, fire minutt på overtid, utligna Vard Haugesund på heimebane mot Florø.

Rykker ned
Det betyr at Vard Haugesund held plassen på trona øvst på tabelltoppen, medan Florø fotball rykker endå lenger ned, til tredje plass. Åsane har hoppa opp og tatt over andreplassen på tabellen, etter at dei vann heile 8-1 mot Ålgård i dag.

Det var Vegard Dyrstad som skåra målet til Florø og sikra at blådraktene i alle fall fekk med seg eitt poeng heim att frå Haugesund. Dyrstad kom inn eit kvarter før slutt og skåra etter omlag seks minutt.

Det betydde at spelarane og dei som såg kampen på live-strømming, fekk glede seg i omtrent 28 minutt før det som ikkje skal kunne skje, likevel skjedde med målet til motstandaren.

– Kampen var veldig spesiell med tanke på det som skjedde til slutt, seier trenar Terje Rognsø.

– Etter å ha ha gjennomført ein god tekninsk bortekamp, gjekk vi til å få dèn nedturen. Men vi var gode i 93 av 95 minutt, legg Rognsø til.

Etter jubelscenene til haugesundarane vart det lagt til eitt ekstra minutt på kampen.

– Vi føler det er surt, og vi har det litt småtungt no, sjølv om vi utgangspunktet hadde vore nøgd med eitt poeng frå denne kampen, seier Rognsø.

Tøff motstandar
Vard Haugesund har vunne dei siste fem kampane dei har spela, medan Florø SK møtte motstand også mot Egersund førre helg. Då tapte Florø 2-1 på heimebane.

Dei tre laga som no kivar om gullpallen på toppen av tabellen ligg tett. Vard Haugesund leiar, etterfulgt av Åsane med eitt poeng og Florø eitt poeng under der igjen.

– Det er ein ekstemt jamn divisjon i år, seier Florø-trenaren.

Peter Aase og Runar Hove var ute frå kampen mot Vard grunna karantene. Christer Husa og Kristoffer Ryland er framleis ute med skale.

– Vi måtte ta omsyn til spelarar mangla i måten vi la opp spelet. Sett under eitt, så gjennomfører vi ein god kamp som planlagt. Det er ikkje anna å seie enn at vi er litt uheldige, og litt udyktige, som klarer å sleppe inn eit mål på overtid, avsluttar Rognsø.

Artikkeltags