Startar snuoperasjonen mot Førde i morgon?

VIL HA REVANSJ: Florø Fotball har fire uavgjort og to tap på dei seks siste kampane. Stygg tendens for eit lag som leia serien etter halvspelt sesong. Dei siste kampane stressar likevel ikkje trenar Terje Rognsø. I morgon er det lokalderby mot Førde heime og då skal dei blåsvarte tilbake på vinnarsporet. Foto: Dag Nesbø Frøyen

VIL HA REVANSJ: Florø Fotball har fire uavgjort og to tap på dei seks siste kampane. Stygg tendens for eit lag som leia serien etter halvspelt sesong. Dei siste kampane stressar likevel ikkje trenar Terje Rognsø. I morgon er det lokalderby mot Førde heime og då skal dei blåsvarte tilbake på vinnarsporet. Foto: Dag Nesbø Frøyen Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

FOTBALL: Florø Fotball leia 2. divisjon til ferien. Men no har dei ikkje vunne på seks kampar.

DEL

28. juni og 2–0 mot Brann 2 heime var den siste sigeren for Florø Fotball. Etter det har dei hatt seks kampar utan siger. Fire av dei har vore uavgjorte kampar. Trøysta til trenarteamet har vore at poengdelingane har komme mot lag som kjempar i toppen og heller ikkje fekk meir enn eitt poeng.

– Det er så tett i denne divisjonen at om du berre tek eitt poeng så endrar posisjonen seg raskt på tabellen, seier Rognsø.

Fire på rappen?

I vår hadde dei fire strake sigrar på dei fire kampane som no ventar. Rekka starta mot Førde.

Neste helg møter dei Ålgård borte, så kjem Stord heime og deretter Grorud borte.

Med sigrar i desse kampane er dei tilbake i toppen igjen, trur Rognsø. Men først må dei slå Førde på heimebane. Ein kamp han trur spelarane er motivert for.

– Vi var veldig nøgde med kampen borte mot Vard Haugesund, men mista to poeng på overtid. Vi var jamt over for svake borte mot Åsane, men her var det eit frisparkmål rett før pause og 2–0 rett etter som endra kampbildet. No vil vi tilbake på sigerssporet og at vi kan revansjere oss allereie heime mot Førde passar oss godt, seier han.

At det var seks av ni 2. divisjonslag som gjekk vidare til tredje runde i cupen ifrå avdeling 3 viser at Florø og Førde er i ein tøff divisjon. Alle slår alle og uavgjorte resultat flyttar på laga frå runde til runde. At Førde slår topplaget Åsane 2. august med 1–0 heime og taper 3–0 borte mot det klare jumbolaget Ålgård 14 dagar seinare, seier sitt om den jamne divisjonen.

Fem poeng

I dag skil det fem poeng mellom dei to sunnfjordlaga, men kampprogrammet viser at Førde har eit tøffare program framover. Dei har att laga i toppen som Florø er ferdige med. Det kan bety noko, men å møte lag som kjempar for å unngå nedrykk er heller ikkje enkelt.

– Vi har ikkje rekna med at vi skulle kjempe om opprykk i år, men sesongen har vist at vi har hatt noko å gjere i toppen. Skader og spelarar i uvande situasjonar har nok sitt å seie for at vi no er nede i ein bølgjedal. I tillegg er vi ein klubb som ikkje har fått nye spelarar inn etter ferien, men eg ser likevel lyst på kampane framover og håper på litt meir stong-inn enn så langt i haust, avsluttar Rognsø.

Artikkeltags