Sørbø tek over tangotrøyene

Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel
DEL

Per-Øyvind Sørbø skal styre Eikefjord-skuta i sesongen 2015 kan Eikefjord fotball i dag melde.

Anne-Len Vågane som er leiar i fotballgruppa seier ho er nøgd med å få på plass Sørbø som Eikefjord-trenar føre neste sesong.

-Ja, det har vore klart heilt sidan i sommar at Håvard Mjølkeråen gjev seg som trenar ved nyttår, så det ligg ingen dramatikk i dette, fortel leiaren til Eikefjord fotball.

-Styret har i lang tid jobba med trenarspørsmålet, og vi er soleis nøgd med å få på plass trenaren for 2015 allereie no. Då Håvard signaliserte at han frå og med neste sesong vil konsentrere seg om å vere spelar, måtte vi berre setje oss ned og tenkje nytt.

Då falt valet på Sørbø som har over 40 års erfaring innan fotballen i fylket. Han har fleire gonger hatt trenaransvaret i Eikefjord.

Artikkeltags