Sikra plassen i Oddsenligaen

Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

1-1 mot Brann 2 heldt til å sikre Florø Fotball plassen i Oddsenligaen i alle fall eitt år til.

DEL

Det er 100 prosent sikkert at Florø Fotball kjem til å halde seg i Oddsenligaen. Det gjer at florøgutane og hovudtrenar Terje Rognsø kan byrje planlegge neste sesong.

- Det har vore ein tung haust. VI var i ein situasjon der vi ikkje låg an til å forbli i Oddsenligaen. Det er alltid vanskeleg å planlegge neste sesong når du har noko slikt hengande over deg, så det er kjekt å endeleg kunne gå i gang med planlegginga, seier Terje Rognsø.

Han hadde forandra litt på formasjonen i laget frå førre kamp. Kanskje var det det, eller det at Florø måtte sikre seg eitt poeng som var utslagsgjevande for at florøgutane satsa meir og meir utover kampen, og prøvte gjere kampen til deira eigen. Men Brann 2 spela også om plassen i Oddsenligaen, så det var definitivt nerver på begge banehalvdelar.

Like etter pausen, i det 48. minutt snubla Vegard Dyrstad ballen i mål for Florø, etter ein pasning frå Halvor Solheim-Olsen. Brann pressar på for utlikning, men det lukkast ikkje før i det 78. minutt. Etter dette jakta Brann 2 eitt mål til og kjem farleg frampå til tider. Tre minutt før full tid får Florø frispark 20 meter frå Brannmålet. Ballen fyk knallhardt i stolpen og ut. Kampen endar uavgjort 1-1.

Les fullstendig kampreferat her.

Artikkeltags