Ryland kan bli Sogndalspelar

Kristoffer Ryland. ARKIVBILDE

Kristoffer Ryland. ARKIVBILDE Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Kristoffer Ryland kan vere klar for Sogndal allereie til seriestart neste sesong.

DEL

Neste års Sogndal-trenar Eirik Bakke har allereie vore på vitjing i Florø, og på fredag var Egil Mundal på tribunen under oppgjeret Florø-Førde, og stadfesta han at han hadde hatt møte med 2. divisjonsklubbens sportslege leiar, Kjetil Søvik. Det skriv Firda.no onsdag.

Og på måndag var Kristoffer Ryland observert i Sogndal saman med Tippeligaklubbens sportslege leiing.

– Ja, eg kan stadfeste at Sogndal er i samtale med Kristoffer Ryland. I Florø har vi sjølvsagt gjeve grønt lys for dette, og på måndag var Florø-spelaren i Sogndal saman med faren sin for å bli orientert om korleis Sogndal jobbar, seier Florø-trenar Terje Rognsø til Firda.

Også påtroppande Sogndaltrenar Eirik Bakke i Sogndal stadfestar klubben si interesse for Kristoffer Ryland.

– Eg har alltid sett pris på denne spelaren. Og om han no er ute grunna skade, så vil vi tilby han eit opptreningstilbod, som kan gjere at han raskare blir kampklar. Og for oss så ser vi på Ryland som ein spennande spelar på sikt, seier Bakke.

Artikkeltags